Gleda over ei ulest bok

Eg er ein stor tilhengjar av Michael Connelly sitt forfattarskap, men var seint ute; eg plukka opp den første boka først for eit par år sidan.  Etter det har eg vel meir eller mindre slukt dei heile, i litt tilfeldig rekkefølgje.

Harry Bosch, denne mangfoldige og sympatiske drapsetterforskaren i Los Angeles,  har vore ein fryd å følgje gjennom 15 bøker. Men no må eg smørje meg med tolmod. Connelly skriv sikkert med touchmetoden, men det tek han 15 månader å få ut ei ny bok.

Black Echo av Michael Connelly i paperback-versjon.

Black Echo av Michael Connelly i paperback-versjon.

Eg gjorde opp rekneskap for nokre månader sidan, og bestilte dei fem bøkene eg ikkje hadde lese.  Så leste eg dei, alle fem, raskt. Trudde eg.

Her om dagen lyste _The Black Echo _mot meg i bokhylla. Connelly sin aller første roman.  Og ei bok eg hadde gløymt å lese. Det varer nok ikkje lenge, men eg var godt nøgd den dagen.

Surveilance jobs were the bane of most detectives' existence. But in his fifteen years on the job Bosch had never minded a single stakeout. In fact, many times he enjoyed them when he was with good company. He defined good company not by the conversation but the lack of it. When there was no need to talk to feel comfortable, that was the right company.

Handleliste

Her er ei sjekk- og handleliste for garanterte positive lesaropplevingar (kjelde: Wikipedia på engelsk) :

Harry Bosch-serien

Romanane om Mickey Haller

Andre romanar

comments powered by Disqus