Kjerringar mot Strømmen

Eg veit det ikkje er særleg politisk korrekt å bruke «kjerring» som bilete på ein halvdårleg fotballspelar. Men i morgon møter Sogndal, kjerringane, Strømmen på bortebane, og eg kjenner meg som ein halvdårleg VG-journalist på leit etter plumpe overskrifter.

Mor til Rembrandt kunne gjort det skarpt på dagens Sogndal.

Mor til Rembrandt kunne gjort det skarpt på dagens Sogndal.

Sogndal kom seg vidare i cupen med 4-0 i Årdal. Det skulle berre mangle.

I serien har det vore so som so. Mest so - som i ikkje særleg overtydande. Eg har berre sett dei éin kamp i levande live denne sesongen, på Bislet, ein kamp eg har fortrengt.

I morgon står Strømmen for tur, på ei bane berre eit par mil frå der eg bur. Men eg er frista til å heller sjå kampen på NRK.  Strømmen IF ligg nest sist på tabellen, og i eit normalår skulle dette vere plankekøyring. Men ingenting er normalt med verken Sogndal eller Addeccoligaen i år. Alle tek poeng frå alle, den eine helga ligg ein på kvallikk - den neste trugar nedrykket.

Dette er kan hende bra for bettingbyråa, men er grobotn for frustrasjon for ein tilhengjar av eit lag i svart og kvitt.

Snur me kjerringa mot Strømmen?

comments powered by Disqus