Siste innspurt for ein Taylor til IR!

Oppdatert:  Inge Ronny vann,  sjølvsagt. Redaktøren i MusikkPraksis, Rolf Graf var full av lovord då NRK Sogn og Fjordane prata med han tidlegare i dag:

Han er ein meget sjelden gitar-virtuos som har både teknisk kompetanse og ein sjeldan musikalitet i gitarspelet sitt. Dette fall juryen for, og det viser at dei som stemte på nettet gjorde det same.

I skrivande stund ser det ikkje særleg faretrugande ut for Inge Ronny Kvåle. Han er i klår leiing i gitaristtevlinga til Musikkpraksis, med nær 40 prosent av stemmene.

Skjermdump frå musikkpraksis.no 18. mai kl. 21:25.

Skjermdump frå musikkpraksis.no 18. mai kl. 21:25.

Juryen har halvparten av stemmene, men etter å ha lytta meg gjennom bidraga er konklusjonen rimeleg grei: Den handlaga Taylor-gitaren til 6000 USA-amerikanske dollar får adresse «Kvåle, Sogndal».

No er det to og ein halv time og vel så det att av avstemminga, så trykk på stemmeknappen - for å gjere sigeren, om mulig, endå meir overtydande.

Gratulerer på førehand. Er det slik at me som har stemt får ein promilleandel i denne gitaren, og kan kome oppom og ta han med oss for ein dag slik kvart tredje år :-)?

comments powered by Disqus