Godt spel og spelarsal gir spalteplass

Antal omtalar for Sogndal fotball i landsdekkande norske papiraviser 1981-2010. Kjelde: ATEKST.

Antal omtalar for Sogndal fotball i landsdekkande norske papiraviser 1981-2010. Kjelde: ATEKST.

Ikkje uventa ser ein at det å spele i toppserien gir monaleg betre mediedekning.

Men også i år med spel i den nest øvste divisjonen er det toppar. Ser ein bak tala for desse sesongane kan ein seie at det hjelper å ha tidlegare Sogndalspelarar som gjer det godt  i utlandet og det hjelper sjølvsagt å spele god fotball

God fotball

Faksimile VG 31.10.2000. Sogndal har spelt uavgjort mot Vålerenga og er klare for eliteserien.

Faksimile VG 31.10.2000. Sogndal har spelt uavgjort mot Vålerenga og er klare for eliteserien.

Sesongane 2000 og 2009 peiker seg positivt ut, begge Addecco-sesongar. I 2009 rauk me i opprykksfinalen mot Hønefoss, ei kald og keisam førestilling. Det var våtare og mykje trivelegare på Ullevaal i 2000.  Mykje trivelegare! Sogndal vann kvalliken mot Vålerenga i ein gysar av ein kamp.

Kva skjedde i 1998?

Året 1998 gav myke omtale. Sogndal spelte i eliteserien dette året, men det gjekk dit høna sparkar - nedrykk.

Blant søte epler og vakre blomster bor det et fotballag som nesten alltid rykker ned. Også i år spøker det for norsk fotballs jo-jo. Men vesle Sogndal vil aldri gi seg. Igjen blir høsten fylt med skjebnekamper. Aftenposten Morgen -08.09.1998

Svaret på spørsmålet over er kanskje heller VM  i fotball der tre blad Flo, alle med bakgrunn i Sogndal, bidrog til den legendariske 2-1-sigeren over Brasil.

Tore André (195 cm), Jostein (193 cm) og Håvard Flo (187 cm) er VMs lengste fotballfamilie. Sansynligvis er de den mest omgjengelige også. Og derfor ble bolig 132 i Chateau Drillos - heretter bare kalt Villa Flo - innvadert av norske og utenlandske mediefolk i går ettermiddag. Dagbladet/Morten Pedersen 06.06.1998 side 26

Utflytte proffar

Faksimile VG 2.8.1993. Jostein Flo er klar for Sheffield United.

Faksimile VG 2.8.1993. Jostein Flo er klar for Sheffield United.

Tidlegare Sogndalspelarar som seinare har gjort det skarpt i utlandet blir ofte omtalt som t.d. «tidlegare Sogndal-spelar Eirik Bakke».

Antal omtalar i den riksdekkande papirpressa for nokre av dei mest profilerte Sogndal-spelarane:

Tore André Flo 7056 Jostein Flo 4035 Eirik Bakke 3182 Håvard Flo 1777

Faksimile VG 4.11.1981.

Faksimile VG 4.11.1981.

Men i 1981 var ordet «proff» framandord i Sogndal. «Uaktuelt,» sa Sogndal-oppmann Knut Iversen til VG. Og det var det - ei stund.

Kjelder

Grafen, sitata og faksimilane er henta frå ATEKST (søkestreng «sogndal AND fotball»). Nokre ting å merke seg: Søket er gjort i artiklar i dei landsdekkjande papiravisene. Ei lokalavis som Sogn Avis og regionavis som Firda er dermed ikkje med. Og det er er eit reint tekstsøk, søket vil gi treff på ein artikkel om «ein bakar frå Sogndal som er fan av fotballaget Leeds».

comments powered by Disqus