Soulfingers i Horten

Eg skal til Horten i morgon. Bluesbandet Soulfingers held konsert på Gamle Horten gård.

Soulfingers er eit Blues Brothers tribute-band; ni hardtspelande menn med svarte solbriller og svart dress - mest karar frå Nord-Trøndelag. Fire blåsarar med meg på tenor- og altsaksofon, ein advokat på baritonsaksofon, ein advokat på trombone og ein elektrikar på trompet. Feitt!

Elwood: It’s 106 miles to Chicago, we got a full tank of gas, half a pack of cigarettes, it’s dark, and we’re wearing sunglasses. Jake: Hit it.

Me har ikkje med oss hønsenetting, men reknar med stinn brakke.

Elwood: What kind of music do you usually have here? Claire: Oh, we got both kinds. We got country and western.

Og låta Rawhide står på settlista, som i videoen frå filmen under:

comments powered by Disqus