Fylkesspit

Eg tenkte eg skulle starte ei ny vevlogg-spalte med namnet Fylkesspit, der eg ser på ufrivillig morosame tekstar i lokal- og regionpressa i Sogn og Sunnfjord.

Teknisk knockout for fjogningane.

Teknisk knockout for fjogningane.

Fylkesspit var ei fast spalte i Vekas Fjogning, ein humoristisk programpost som gjekk på NRK Sogn og Fjordane kvar fredag ettermiddag på 90- og byrjinga av 2000-talet. Her tok Pedersen – som etter det har levd i skuggen av vetlebroren – og Henjum for seg meir eller mindre klumsete formuleringar i lokalpressa.

Eg vart sjølv sitert ein fredag. Det var då eg var om lag 20 år gamal, jobba i Sogn Avis og var kanskje litt i overkant bildesterk i nyhendejournalistikken min. Det hadde vore ei billulukke ved Balestrand. Ein bilist hadde køyrt gjennom autovernet og ut i fjorden.

«Stolpane til autovernet var knekte som fyrstikker,» skriv Sogn Avis. Og det var Fylkesspit.

Eg ville gi eit bilde av sterke krefter i sving, men fjogningane meinte dette var morosamt eller klønete, eller kva veit eg.

No kan det godt hende at NRK sine skarpskodde advokatar meiner eg går over nokre grenser når eg tek i bruk namnet Fylkesspit. Om dei protesterer, får eg døype ho om til «Bjørn Erik ser lett ironisk på det som blir skrive i lokal- og regionpressa i Sogn og Sunnfjord.» Men Fylkespit er kortare og betre. Meir catchy.

Eg kjem attende om litt, må berre lese meg opp på det som skjer. Men skjermdumpen frå NRK.no får bli ein smakebit - eit forsøk på å høyre noko frå fjogningarkivet på nettet. Dei finst ikkje lenger.

Eller:

«404 Sida finst ikkje,» melder NRK Sogn og Fjordane. Og det var Fylkesspit.

comments powered by Disqus