Brecker lever på YouTube!

Den legendariske amerikanske saksofonisten Michael Brecker døydde av leukemi 13. januar 2007.

Michael Brecker i München i 2001. Foto: Sven Petersen (WikiMedia Commons)

Michael Brecker i München i 2001. Foto: Sven Petersen (WikiMedia Commons)

Eit stort tap for meg og resten av musikkverda. Eg minnest med gåsehud dei tre konsertane der eg sjølv sat i salen. Eg òg spelar saksofon og gjekk ut av konsertlokalet med to tankar: «Er det mulig?» og «Eg må få lagt ut instrumenta mine på Finn.no».

Han vart rekna for å vere den store tenorsaksofonisten etter John Coltrane. Diskografien hans er lang som Sognefjorden, og for den har han drege i land heile 15 Grammy-prisar.

Med jamne mellomrom søker eg han opp på YouTube, og der lever han. Det dukkar stadig opp videoar frå konsertar.

Her er tre av mine favorittar:

Delta City Blues

Coltrane-låta Naima (live i 2003)

EWI-solo

comments powered by Disqus