Delta på steinras torsdag?

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har kasta seg på Facebook, men dei er nok ikkje først ute med å legge ut varsel om moglege framtidige hendingar, slik Sogn Avis vil ha det til. Eg gjorde det seinast i går. Eg skal kanskje på ein konsert på Herr Nilsen neste veke.

«Det blir kanskje eit stort steinras på riksveg 60 mellom Olden og Innvik torsdag ettermiddag. Delta? Ja/Nei/Kanskje.»

Dei viktigaste nyhenda frå nyare tid:

Skjerdump frå sognavis.no. Bra tiltak, men neppe  først ute.

Skjerdump frå sognavis.no. Bra tiltak, men neppe først ute.

«For første gong skal befolkninga varslast om ei mogleg hending via sosiale medium som Facebook og Twitter,»  avslører Sogn Avis.

«Hopen senka USA,» melder Sogn Avis. Ein må attende til 1941 og Pearl Harbor for å finne noko liknande.

«Stal oblatar frå postkasser til folk i bygda,» skriv Firda om den moderne tids Robin Hood.

«Dramatikken ville ingen ende ta då heimelaget fekk eit nytt straffespark få minutt seinare .» Det skriv Sogn Avis om denne thrilleren av ein fotballkamp,  som Tornado/Måløy vann komfortabelt 4-0.

«Tommy Skjerven har dømd både Bayern München og Syril sitt andrelag denne sesongen,» avslører Sogn Avis.

Og det var fylkesspit.

comments powered by Disqus