Mobilt kontor anno 2010

Ein kar eg kjenner reiser mykje i jobben, og han har behov for å jobbe medan han reiser.

Ein iPad. Foto: Glenn Fleishman.

Ein iPad. Foto: Glenn Fleishman.

Han svergar til Apple sine produkt. Eg skriv dette innlegget i OS X Snow Leopard, så eg er ingen motstandar, men eg er heller ingen ukritisk fanboy.

La meg oppsummere:

  • Han har ein iPhone som i teorien kunne gjere mesteparten av jobben, men skjermen er liten, så …

  • han må ha med seg ein iPad som i det store og heile burde gjere heile jobben, men ettersom Keynote-filene frå iPhone OS ikkje er kompatible med Keynote i OS X, så …

  • må han ha med seg ein MacBook Pro 15-tommar.

  • iPaden egnar seg godt for å lese dokument og mailar i flysetet, men sidan den berre har WIFI-nett og iPhonen ikkje har støtte for deling av 3G-sambandet sitt, så …

  • har han med seg ein gamal Nokia som han kun bruker for å få iPaden sin på nett.

Eg kan legge til at av Apple-maskinene over, har berre MacBooken støtte for å gjere meir enn éin ting på ein gong (multitasking), så slik sett er det kanskje på sin plass å ha ein tre-fire av alt.

Apple-brukarar tilgir det mest grunnleggjande, som at maskinene ikkje pratar med kvarandre.

comments powered by Disqus