Forfattar, hald deg heime!

Eg les mykje bøker, og har nokre favorittforfattarar.

Jo Nesbø (2007) (PD)

Jo Nesbø (2007) (PD)

Fleire av desse skriv seriar der dei same personane er med over lang tid. Eg kan godt forstå freistinga med å ta Mr. X ut på tur etter den sjette boka, la han få oppleve litt internasjonal action. Men gjer vel, la han bli heime.

Dette er ei melding til nokre av mine favorittforfattarar som har falle for freistinga:

Michael Connelly: Harry Bosch sin vesle tur til Hong Kong i_ 9 Dragons_, la det bli med det. Harry trivst best på heimebane i Los Angeles, det er det miljøet både han og du kjenner best.

Jo Nesbø: I Panserhjerte var det både Hong Kong og … eit anna land. Eg har fortrengt det. Harry Hole høyrer heime i Oslo.

Henning Mankell: Ystad er plassen, internasjonal krim har du verkeleg ikkje særleg grep om.

Liza Marklund: Journalisten Annika Bengtzon jobbar i Stockholm. Her er du på heimebane, hald deg der.

comments powered by Disqus