Noko meir enn berre fargerike cowboyhattar!

«– Og vikingar var ikkje berre fyll og valdtekt, her får me presentert vikingane på ein annan måte,» avslører Sogn Avis og held fram: «– Me får synt at vikingane også er noko anna enn plyndring, plastikkhjelmar og ølmugger.»

Saftkokaradn i Hønefoss i 2009. Under dei fargerike cowboyhattane skjuler det seg noko meir.

Saftkokaradn i Hønefoss i 2009. Under dei fargerike cowboyhattane skjuler det seg noko meir.

Dette er truleg første del av ein reportasjeserie frå Sogn Avis. Serien tek for seg meir eller mindre utrydda folkegrupper, folkegrupper som har fått eit litt for einsidig stempel som enkle og mjødglade berserkar. Neste folkegruppe ut er Saftkokaradn, som er meir enn fargerike cowboyhattar.

Andre viktige nyhende:

Sogn Avis-journalistane gret då lakseparasitten Gyrodactylus Salaris tok makta i Lærdalselvi. Men som kreative og metaforsterke journalistar finn dei løysingar. «Bilisten var den einaste fangsten for politiet denne gong, men den fangsten var altså stor nok,» skriv avisa om UP sin nye fangstplass i Lærdalstunnelen, med ein oppfølgjar berre timar seinare: «Berre nokre timar etter at UP kneip ein bilist for å ha køyrt i 151 km/t, var det klart for ein ny fangst.» Dette fiskekortet krev ein 3-årig Bachelorgrad frå Politihøgskulen.

«Folk får panikk når favorittvinen manglar i hyllene.»

«- Folk får panikk når favorittvinen manglar i hyllene,» melder NRK Sogn og Fjordane frå Vinmonopolet i Sunnfjord. Fyllenerver kallar dei dette i Indre Sogn.

Og til slutt ei melding eg diverre fekk med meg litt for seint til å delta: «29. og 30. mai blir det nytt kurs i qigong,» fortel Firdaposten, og forklarer for dei som framleis er litt i stuss: «Kurset baserer seg på den såkalla biynmetoden.»

Og det var Fylkesspit.

comments powered by Disqus