Førde er ein vakker by!

Tittelen er ironisk. Sjølvsagt er han det, om eg no tek for meg Førde sentrum.

Førde sentrum er ei klynge med kjøpesenter.

Førde sentrum er ei klynge med kjøpesenter.

Eg var i konfirmasjon i Førde for nokre veker sidan (derav bileta). Ein førdianar i det koselege selskapet seier plutseleg:

«Har dokker sett kor fint de har blitt neri Førde?»

Eg prøvde å halde munnen full av (nydelege, ingen ironi her) kakestykker under heile samtalen. Eg kjem opphavleg frå Sogndal, og det er rett nok ein del byggverk der også som ikkje går rett inn i arkitektur-bøkene, men der er i det minste nokre gjennomtenkte og gjennomgåande gater med eit stort og grønt samlingspunkt i midten.

comments powered by Disqus