«Aretha» og Soulfingers på Gamla laurdag

Aretha Franklin song for Obama i 2009. Foto: Cecilio Ricardo, U.S. Air Force

Aretha Franklin song for Obama i 2009. Foto: Cecilio Ricardo, U.S. Air Force

Soulfingers løftar steminga på Gamla i Oslo sentrum godt oppunder taket laurdag kveld (5. juni), slik me gjorde det i februar. Denne gongen har me med oss gjestevokalist. Eg hugsar ikkje namnet, men stemma den sit festa etter øvinga i går. La oss førebels kalle ho Aretha, for slik høyrest ho ut.

Soulfingers er eit hardtswingande Blues Brothers tribute-band. 9 menn, fire av oss i blåserekka. Feitt!

Billettane til kroner 100 per stykk er å få kjøpt i døra. Soulfingers går nok ikkje på scena før etter kl 22, men eit band kjem éins ærend frå Steinkjer for å varme opp konsertlokalet.

Me har lagt nokre Aretha Franklin-låtar til repertoaret til ære for gjestevokalisten, som Respect i videoen under.

comments powered by Disqus