Mislukka marknadsstunt frå forlaga

Forlaga har som mål å selje bøker, mange bøker. Og for å gjere det driv dei marknadsføring. Ikkje alltid like vellukka.

Michael Connelly (2007). Foto: (CC) Larry D. Moore

Michael Connelly (2007). Foto: (CC) Larry D. Moore

Michael Connelly skriv fanstastiske bøker, men utgjevaren hans har lyst å gi oss noko meir. I beste meining, eller som eit marknadsstunt for å selje fleire bøker. Dei trykker første kapittel av den neste boka mot slutten. Når eg nærmar meg slutten av ei bok, når det er som mest spennande, bruker eg tjukkelsen på det som er att som mål på kor mykje spenning som er i vente. Og då blir eg litt skuffa når det sluttar før eg trur. Connelly, om du ikkje greier å overtyde meg om at dette er noko å satse på i løpet av 400 sider, hjelper det lite med 30 ekstra.

David Baldacci er ein annan favoritt. Eg har no lest alle bøkene hans, men det var ei tid då eg plukka dei opp i litt tilfeldig rekkjefølgje. Til vanleg får eg god støtte i oppsummeringa på baksida for å gi svar på spørsmålet «har eg lest denne før?» Men Baldacci sin utgjevar vel heller å plassere Baldacci sin biografi der.  Slutt med det.

Barry Eisler skriv godt, men seint. Og for å halde liv i forfattarskapen mellom bøkene, pratar han langt og lenge om si neste bok, og gir smakebitar i form av PDFar med dei første kapitla. Prat mindre, skriv meir; når det gjeld bøker er eg berre interessert i dei eg faktisk kan halde i handa og lese.

comments powered by Disqus