Å vere underfundig for ofte

Twitter. Skriv ei melding på maks 140 teikn. Eit konsept som passar meg svært dårleg. Eg er på Twitter, eg er det. Eg registrerte meg mest for å følgje nokre eg kjenner, no bruker eg det som rein reklame for denne vevloggen.

Fulgt av få.

Fulgt av få.

Eg er underfundig og har lassevis nok av fantasi til å fylle Twitter dagen lang. Men eg gjer det ikkje, litt fordi eg har anna å ta meg til. Ikkje mykje anna, men nok.

Ei kvinne eg nyleg har lagt til som following fell inn i kategorien «har litt for mykje underfundig å melde». Eg såg ein tweet (ja, det heiter det, trur eg) som eg tykte såg svært morosam og underfundig ut. Etter å hatt ho på lista mi nokre dagar, er eg ikkje lenger like sikker. Det underfundige har si grense. Men eg beheld ho på lista mi litt til, for å vere sikker.

Lurer på om ho har med seg iPhonen på nattbordet, om ho skulle overstrøymast av vittige tweets der i nattemørket.

Har hatt en hyrdestund à la Twitter. Kort og kort. Kult, hæ? via bedTweet

Eller når ho vaknar sveitt:

Våkna fra en drøm på akkurat 140 tegn. Kult, hæ? via bedTweet
comments powered by Disqus