Møkkasladd og brune kablar

Nettavisene i Sogn og Fjordane har vore fulle av drit denne veka. No er dei rett nok det kvar veke, men denne veka var dei det bokstavleg.

«Utanfor kabelhuset ved inngangen til Lærdalstunnelen er det andre typar kablar som vert lagt,» melder Sogn Avis i eit litt for godt illustrert oppslag.

Hestemøk. Foto: Malene Thyssen (Wikimedia commons)

Hestemøk. Foto: Malene Thyssen (Wikimedia commons)

«Bilen sladda i møk. – Ei driten oppleving i 80 kilometer i timen,» seier Geir Ove Bøyum til avisa Firda.

I Fjærland var det i heitaste laget for spreiing av møk denne veka.  «Det er greitt for heitt. Ein traktor er som eit stort drivhus, og å sitja i drivhus slike dagar og kopa etter vegane er ikkje noko stas,» seier bonde Knut P. Bøyum til NRK Sogn og Fjordane.

Og til slutt ei påminning frå Sogn Avis:

«Som Sogn Avis melde for halvanna veke sidan, er det snart slutt på skiltproduksjon i Vik.»

Og det var Fylkesspit.

comments powered by Disqus