Møkkamann inneheld eit fugeformativ

Eg har lært meg eit nytt ord, fugeformativ.

Ei fuge av Johan Sebastian Bach.

Ei fuge av Johan Sebastian Bach.

På norsk er det (som eg kjenner til, og eg tek ofte feil) fire fugeformativ: -s- og -e-, -a-, som i møkkamann, og nullfugeformativet -, som i lyskastar.

Ei fuge i flisleggarbransjen er ei kjemisk samanbinding som bitt flisene saman. Eit fugeformativ er eit språkledd som bitt to ord saman.

Det heiter då:

  • sinnssjuk, ikkje sinnsjuk

  • ungdomsskule, ikkje ungdomskule

  • raudvinsglas, ikkje raudvinglas

comments powered by Disqus