Bygg bygdebane i Sogndal!

Dei har fått bybane i Bergen, så kvifor ikkje.

Det er lenge sidan Kjell Oppseth var samferdsleminister. Då regna vegmilliardane over fylket, men mest til tunnellar austover.

Det er lenge sidan Kaldakari-prosjektet, eit samferdsleprosjekt med vyer. Slik sett er det no på tide å sjå på ei tog- eller trikkelinje, til dømes frå Helgheim til nye Fosshaugane Campus, kanskje med ei sidelinje nedom Lægreidspubben. Perfekt for skuleelevar og Saftkokaradn.

Statsfinansiert, sjølvsagt. Og sidan det sjeldan løner seg å vere beskjeden og lite kravstor, kan ein legge inn ei gondolbane til Åberge i same slengen. Det vil bli ein turistattraksjon av dei sjeldne, og det vil gi store, nye område for bustadbygging.

Slike ting finn eg på, slik heilt utan vidare. Eg skulle ha jobba i staten. Eller i kommunen.

comments powered by Disqus