Frå Booby Trap til Buddy Holly!

I går vart det kjent at sogndølen/balestrendingen/hafslobygdingen/engelskmannen (for å vere sikker på ikkje å trakke nokon på føtene) Roger Allan Ivin - også kjend som Rai eller Allen D. Rocker - har fått rolla som bassisten i Buddy Holly sitt band i musikalen om rockelegenda. Dette er sjølvsagt stort, og dei største gratulasjonar til Roger!

Buddy Holly i musikalversjonen i Tyskland. Foto: Brukar Ger1axg (Wikimedia commons)

Buddy Holly i musikalversjonen i Tyskland. Foto: Brukar Ger1axg (Wikimedia commons)

Ivin er kjend frå Sogn og Fjordane-gruppa Fabel og rockabillybandet Green Granadas.

Men når han om nokre år set seg ned og skriv memoarane sine, når  han veg alle desse tinga opp mot einannan, vil han sikkert tenkje hardt og lenge attende til tida mot midten av 90-talet. Booby Trap (bra ordspel, he?) var ein jazz/fusion-kvintett i Sogndal. Roger, underteikna, to blad Årøy og ein Brandshaug (Lunden i ein periode). Me fekk blanda kritikkar i pressa (studentavisa Røynda skreiv: «Nesten Mezzoforte» (som me tok som eit stort kompliment)), men studentkroi i Park-kjellaren var alltid stappfull og applausen overstrøymande.

Me tok oss kanskje litt vatn over hovudet den gongen, då me mellom anna spelte dei tøffaste låtane til Chick Corea Electric Band, men det er eg viss på at Roger ikkje har gjort denne gongen. Han passar rolla som fot i hose.

Lukke til!

comments powered by Disqus