Språkstrid om portugisisk øygruppe

På Tinget på Wikipedia på bokmål og riksmål går det no ein debatt om ein skal skrive Azorene eller Asorene.

Angra do Heroismo i Asorane.

Angra do Heroismo i Asorane.

Denne debatten er i skrivande stund på 45 716 teikn, 7 205 ord, og stadig veksande. Debatten er to dagar gamal. Ingenting skaper meir strid enn språk hjå wikipedantane.

Skaff dykk eit liv. Asorane er sikkert ein flott plass å reise til no i sommar, kva ein no enn vel å kalle øygruppa.

På nynorskversjonen har dei det enklare, der heiter det Asorane. Der kan ein for øvrig lese at:

Asorane (port. Açores, ofte skrive Azorane på norsk) er ei portugisisk øygruppe på den midtatlantiske ryggen 1 500 km vest for Lisboa og 3 900 km frå den nord-amerikanske austkysten.
comments powered by Disqus