Språkblomar i lokalpressa

«Køyrde tyl med skyssbåt,» avslører NRK Sogn og Fjordane. Tyl er elles ei svært god bok. Sogn Avis er også i det lyriske hjørnet i omtala av denne hendinga: «Fjordcruise med høg rus.» Cruise rimar på rus, det gjer det.

Den irske poeten William Butler Yeats.

Den irske poeten William Butler Yeats.

«Ein utanlandsk vogntogsjåfør fekk skeivt inntrykk av Lærdalsdalen,» melder Sogn Avis om ein trailer på tverke. Han kjem nok attende på ferie neste år for å få det rette, beine inntrykket.

«Sol-sikker på grøntsuksess,» avslører Sogn Avis.

«Politiske tungvektarar vart lett match,» avslører Firdaposten om ei tautrekkartevling i Florø. «Eg trur nok at eg hadde gode føresetnader for å lykkast her, som er så van til å stå på senterlinja og bli trekt i begge retningar,» seier rådmann Terje Heggheim til avisa.

«No er vi lei alle streikane,» melder NRK Sogn og Fjordane. Det var moro ei stund.

Og til slutt:

«Sovna frå ei panne med pølser,» skriv Sogn Avis. Avisa seier ingenting om bebuaren vakna svolten.

Og det var fylkesspit.

comments powered by Disqus