«I did not have SMS-relations with that man, Mr. Ingebrigtsen»

«Ein rasande statssekretær Roger Ingebrigtsen frå Arbeiderpartiet stadfestar SMS-kontakt med Clara Øberg,»  skriv NRK Sogn og Fjordane.  Clara Øberg nekta først for at dette hadde skjedd, men sa så at det berre var ein «klapp på skuldra»-SMS utan politisk baktanke.

I did not have sexual relations with that woman, Miss Lewinsky.» (Bill Clinton)

Bill Clinton (US Gov/PD)

Bill Clinton (US Gov/PD)

Frå Claragate til andre viktige nyhende i veka som gjekk:

Arja Saijonmaa vart rørt over det sjølvlaga diktet til ordførar Nils Gjerland i Førde,  fortel ordførar Nils Gjerland til avisa Firda. Sajonmaa seier til den finske avisa Riippusilta Valkeakoskelta eKoskiViikko at tårene kom som følgje av eit rusk i venstre auge.

Det er målvaktkrise i Årdal FK, i følgje Sogn Avis. For dei som ikkje orkar å lese heile den stramt organiserte og svært interessante artikkelen, her er ei kort oppsummering: Laurdag stod Jens Herstad (44) i mål, Stian Karlsen sat på tribuna, han sluttar fordi han ikkje er motivert; dei har òg Geir Nordnes (39) i bakhand, men avtalen med dei to veteranane gjeld ikkje lenger enn vårsesongen; polske Bartosz Deregowski (23) var i førre veke på plass på treningsfeltet, men han er ikkje tilbake i Årdal før til hausten, og så treng klubben ein andrekeeper. Klart som blekk.

«Noreg spionerer for 930 millionar kroner i året,» avslører Firda. «Det viktigaste etterretningsarbeidet skjer likevel framleis i nordområda, der oppgåva er å finne ut kva russarane gjer for noko». Svaret finn ein gratis på answers.yahoo.com (laust omsett): «Dei går på nattklubbar, teater, kino, kaféar, restaurantar. Nokre russarar likar musikk og speler i band. Mange er interesserte i sport, som alpint, snøbrett og skøyter. Mange russarar trenar i treningsstudo og symjehallar. Om somaren driv dei med vindsurfing…». Sjå der, 930 millionar spart!

Og det var Fylkesspit.

comments powered by Disqus