bepsays presiserer om SMS-kritikk

bepsays kom i går i skade for å stole på NRK Sogn og Fjordane som kjelde for påstanden om at Clara Øberg hadde sagt at ho ikkje hadde fått ein SMS frå statssekretær Roger Ingebrigtsen.

Faksimile frå NRK Sogn og Fjordane. Clara Øberg sa ikkje det ho sa.

Faksimile frå NRK Sogn og Fjordane. Clara Øberg sa ikkje det ho sa.

Distriktsredaktør Rolf Sanne-Gundersen presiserer at «ho oppfatta ikkje at ho fekk spørsmål om ho hadde motteke SMS frå Ingebrigtsen.»

Øberg seier til distriktsradioen:

– Nei, eg har den siste tida fått veldig mange SMS frå ulike politikarar lokalt og sentralt, mellom dei Roger Ingebrigtsen, av typen ”stå på Clara”. Altså personleg støtte, men ikkje støtte til strategiarbeidet.

Kva Clara Øberg har gjort på det personlege planet som fortener slike oppmuntrande meldingar frå politikarar, som ikkje har noko som helst med strategiarbeidet i Helse Førde å gjere, seier verken Øberg eller Sanne-Gundersen noko om.

Har ho klypt plenen?

comments powered by Disqus