Justismord av rovdyr?

Kven drap eigentleg sauene i Lærdalsfjella? Dette og andre interessante spørsmål blir stilte i leiaren i Sogn Avis, no som redaktøren er på ferie.

Ein brunbjørn i dyrehagen i Moskva (illustrasjonsfoto)

Ein brunbjørn i dyrehagen i Moskva (illustrasjonsfoto)

«Bjørnen som mest truleg har rusla over fylkesgrensa på Filefjell for å ta føre seg av lærdølene sine sauer, har allereie gjort eit stort innhogg på budsjettet til det interkommunale fellingslaget,» skriv redaksjonssjefen. Motivet er etablert, bjørnen kom truleg til Lærdal for å gjere seg mett. Men i følgje Sogn Avis og rovdyransvarleg Christian Pedersen finst det tvil som kan kome den tiltalte til gode:

«Skepsisen er spesielt knytt til at dette er eit terreng som frå gamalt er kjent for at bjørnen passerer gjennom. Pedersen trur lærdalsbamsen er ein ung hannbjørn på gjennomfart. Sidan fellingslaget ikkje har sett snurten verken til bjørn eller nye spor, kan det tyda på at Pedersen har rett i at bjørnen er ein yr kar som berre har streifa forbi. Og han vert kanskje ikkje den einaste som passerer. Utan å gjera ein sau fortred.»

Det kjem ikkje klårt fram av leiaren  kven Sogn Avis meiner er den skuldige; yre karar drep vel ikkje sauer?

I ein leiar denne veka tek redaksjonssjefen også for seg påbodet om oppbevaring av våpen i våpenskåp, noko ikkje alle våpna tek like alvorleg: «Diverre finst det ei rekkje uregistrerte, illegale våpen rundt om. Desse bryr seg nok mindre om våpenskåp og påbod,» skriv Sogn Avis.

Og til slutt ei sportsmelding:

«Årdal FK leika seg med unggutar frå Sogndal,» melder porten.no.

Og det var fylkesspit.

comments powered by Disqus