Hotelleigar og toalettvaskar

«Ved fleire høve har heile turistbussar stoppa i Sogndalsfjøra på utkikk etter toalett. Tilboda i sentrum er få, og Erik Flåten har no sett seg lei av å vaska toalett seks timar dagleg,» melder Sogn Avis i ein artikkel som ikkje er illustrert med ein hotelleigar med moppen i handa.

Vassklosett med bidé og styrepanel, slik folk frå Japan ventar å finne når dei kjem til Sogn. Foto: Chris 73 (Wikimedia commons)

Vassklosett med bidé og styrepanel, slik folk frå Japan ventar å finne når dei kjem til Sogn. Foto: Chris 73 (Wikimedia commons)

Forfattar Karl Ove Knausgård kom i 18-tida den 15. juli til Ålhus i Jølster,  melder NRK Sogn og Fjordane i det som har vore hovudsaka i lokalradioen den siste veka.

Meir om når han skulle kome og då han hadde vore der: Knausgård kjem til Jølster; Då Knausgård kom til Jølster. Knausgård sjølv var litt i stuss over alt oppstusset, og det er ikkje vanskeleg å skjøne. Eg ventar i spaning på ei sak om når han har planar om på ta turen neste gong.

Og til slutt ei sak frå hovudstaden Førde:

«Ni av søkjarane har ikkje offentleg namn,» skriv avisa Firda i ein artikkel om søkjarane til stillinga som leiar for Førdehuset, ei stilling som truleg set som krav at du har eit offentleg namn.

comments powered by Disqus