Saksofonar på anabole stereoidar

Eg spelte ein konsert med Soulfingers i går kveld med to ulakka Yamaha Custom 82Z-saksofonar. Tenoren er min, alten var lånt.

Eg har lenge vore ein Selmer-mann:

  • Alt: Selmer Super Action Serie II (gull-lakk), kjøpt 1986 (for konfirmasjonspengane). Med Phil Barone custom Meyer ebonittmunnstykke (6M, opna til vel 7)

  • Sopran: Selmer Super Action Serie II (svart lakk), kjøpt 1991. Med Bari Gold metallmunnstykke (6 *)

  • Tenor: Yamaha Custom 82Z (ulakkert), kjøpt 2007. Med Phil Barone Mainstream metallmunnstykke (7*)

Yamaha Custom 82z alt- og tenorsaksofon. Ulakkerte

Yamaha Custom 82z alt- og tenorsaksofon. Ulakkerte

Og all den tid eg elskar Selmersaksane mine - alten min kjenner eg betre enn mi eiga bukselomme - dei ulakkerte Yamahaane er beist av ein annan type. Dette er saksofonar på anabole stereoidar, med ein mekanisk presisjon berre folk frå Japan greier å få til.

Eg har prøvd 82z-modellen i alle lakkvariantar - alle fenomenale - men den utan lakk, sjølv om den ser ut som noko frå Adolph Sax si produksjonslinje, er noko heilt eige. Eit tonevolum og ein klang som kan sprenge glas.

comments powered by Disqus