Ubuntu vs OSX vs Windows 7

Ubuntu slik det KAN sjå ut.

Ubuntu slik det KAN sjå ut.

Eg framstår kanskje som ein nerd når eg fortel eg har tre operativsystem installert på den stasjonære datamaskina mi heime: OS X Leopard, Ubuntu 10.4 og Windows 7.

I eitt år har eg «tvunge» meg til å bruke OS X, fordi det skal vere «så fantastisk» og «SÅ enkelt å bruke». Ja, det er mykje gode greier, Steve Jobs, han får det til. Ja, det ser lekkert ut - det ligg UNIX i botn og har eit bash-shell, som er hovudargumentet mot Windows (Windows 7 er rett nok det beste som har kome frå Bill Gates til no).

Men det er på fleire område klumsete å bruke:

  • Etter tjue år med PC er det kanskje ikkje anna å vente enn at det skulle ta litt tid å venne seg til eit nytt tastatur, men når eg etter eitt år framleis jaktar etter dei enklaste teikn …

  • Etter ein times tid i bruk, er skjermen tilkludra med vindauge som er vanskelege å halde styr på. Ein må heile tida rydde og justere størreise ved å dra nede i høgre hjørne («bruk Spaces,» seier du kanskje. Kanskje det, eller kanskje ikkje), og det ser ut til å vere gullfiskhukommelse i høve til minnet om «kvar eg var sist på filsystemet» eller «så stort var vindauget sist». Masse musetrykking.

Ja, det meste av program er å få tak i, for ein pris, slik som Photoshop og Office-pakka.

Men no har eg vendt nasen mot Ubuntu (Linux) som mitt faste operativsystem, fullt ut 64 bit. Eit skrivebordsmiljø som gjer det meste rett.  Raskt og logisk - og svært elegant. Organisering av vindauge er ein leik, ein kan dra i alle endar - og dobbeltklikkar ein på eit vindauge, hugsar det størrelsen frå då det var lite … Det startar lynraskt og var av dei tre kandidatane det desidert raskaste å installere og sette opp. Alt fungerte ut av boksen, noko Linux ikkje har hatt noko godt rykte på seg for.

Og programtilfangsten er nesten uendeleg og stort sett gratis, der apt-get er din ven. Om enn ikkje Photoshop og Office…

comments powered by Disqus