Kongeleg flyfiaskofølgjetong!

Lokalpressa har prøvd seg på hoffrapportering denne veka. Dronning Sonja har floge med Widerøe – og kom to timar for seint, sjølvsagt. Ho rakk å plante plometre og helse på ungar i Luster, skriv Sogn Avis.  «Beklaga at ho kom for seint,» avslører NRK Sogn og Fjordane. Det er ikkje mykje spenst i denne journalistikken, og eg trur kioskveltarane er der om ein leitar:

Dronning Sonja opnar Bybana i Bergen. Foto: Jonny Eriksen (Wikimedia Commons)

Dronning Sonja opnar Bybana i Bergen. Foto: Jonny Eriksen (Wikimedia Commons)

Det var ikkje dronninga si skuld at ho kom hanglande fleire timar for seint. Widerøe hadde eit teknisk problem på eitt av flya sine, slik dei ofte har når dronningar og underteikna skal fraktast. Hadde lokalpressa drive litt research, hadde dei funne ut at flytrøbbel og dronninga går hand i hand. Sonja sitt fly vart treft av eit lyn då ho reiste til bryllaupsfeiring i Stockholm, og askeskya stogga flyturen hennar til København. «Kongeleg flyfiaskofølgjetong!» Dei serverer ikkje lenger kaffi på Widerøe-flya. «Dronninga fekk ikkje ein gong ein kaffitår,» kunne vore ei fin nyhendesak.

Sonja landa 11:08. Det er 33,3 km til Solvorn, der ho i følgje Sogn Avis var like før klokka 12.

Sonja landa 11:08. Det er 33,3 km til Solvorn, der ho i følgje Sogn Avis var like før klokka 12.

Dronningsjåføren, var han hard på gassen frå flyplassen for å ta inn tapt tid? Det er berre å finne ut når flyet landa, om ho måtte vente på bagasjen eller ikkje og når ho kom til Luster … Gjennomsnittsfart = strekning / tid = nyhendesak. Om det skulle vise seg at dei køyrde i lovleg fart, kan ein få direktør Kari Sandberg i Trygg Trafikk til å seie noko slikt som at «det er flott at dronninga står fram som ein god rollemodell».

Kva med ein kritisk artikkel som stiller spørsmål ved kvifor dronninga berre er til stades når vegar vert opna, men aldri når dei stenger. Kvar var dronninga då Riksveg 53 Årdal-Tyin vart stengt grunna rasfare førre vinter?

NRK Sogn og Fjordane gjer det likevel godt att med eit sprekt oppslag om krangel om betaling for toalettet som dronninga dreit i (eller: det seier artikkelen ingenting om, men det er 50 prosent sjanse) då ho vitja Kystmuseet i Florø. Artikkelen er ikkje veldig interessant, men han fortel meg noko eg har mistenkt, men ikkje visst: Også dei kongelege må på do. For dette er eit emne det ikkje er skrive særleg mykje om. Eit Google-søk på «Dronning Sonja på do» gir 0 treff (eitt treff om kort tid). Leitar ein meir grundig, finn ein likevel ut at det ikkje berre er i Florø Sonja har vore på toalettet. Det er Ada som avslører dette på bloggen sin, Ismonster:

«Når meg, Sara og Sonja skulle gå så måtte Sonja på do, å Linnea ble med henne. Imens de var på do så sa vi bare at vi gikk, men vi gjemte åss i skapet!»

Og det var Fylkesspit!

comments powered by Disqus