WebSockets blir den neste nettrevolusjonen

WebSockets blir den neste store nettrevolusjonen! Ein bråkjekk påstand, men eg vart overtydd av foredraget «HTML5 & WebSockets: Think BIG. Really BIG!» av John FallowsJavaZone onsdag. Tenk stort! seier Fallows – og han har rett.

Protokollen HTTP vart laga for å hente ut dokument, med ein førespurnad og eit svar (request/response), eller kommunikasjon som ein walkie talkie om du vil. HTTP er tilstandslaus, og kvar førespurnad blir påført masse metadata.

Skjermdump frå mrdoob.com sitt teiknebrett der alle kan teikne samstundes, takka vere WebSockets.

Skjermdump frå mrdoob.com sitt teiknebrett der alle kan teikne samstundes, takka vere WebSockets.

Med Web 2.0 har me rett nok fått rikare og meir interaktive applikasjonar, som Facebook, GMail og liveoverføring av fotballkampar. Men til ein pris: Begrensningane i HTTP gjer applikasjonane kompliserte og dyre å lage. Og dei genererer store mengder nettverkstrafikk, som i seg sjølv set grenser for kva ein kan få gjort.

WebSockets er ein svært undervurdert del av HTML5-spesifikasjonen. WebSockets er TCP for nettlesaren. Full-duplex, kommunikasjonen går begge vegar - og kommunikasjonslinja vert halde open, og ein kan ha så mange ein berre vil. Datamengda nettlesaren sender for kvart tastetrykk i autofullfør-funksjonen til Google-søket går ned frå 800 til 2 bytes (og der blir det gjort mange tastetrykk). John Fallows seier Facebook var svært imponerte då selskapet hans, Kaazing, demonstrerte ein WebSocket-versjon av Facebook-chatten, som - til tross for at den var laga på ein god ettermiddag - virka slik chatten til Facebook skulle ha gjort.

Reducing kilobytes of data to 2 bytes… and reducing latency from 150ms to 50ms is far more than marginal. In fact, these two factors alone are enough to make WebSocket seriously interesting to Google. Ian Hickson (Google)

Det kan ta tid før alle dei mest populære nettlesarane har innebygd støtte. I dag har Google Chrome, IOS 4 og FireFox 4 Beta støtte for WebSockets, Microsoft er tause. Men eg er overtydd om at mediehusa, finansinstitusjonane og straumleverandørane (straumforbruk i sanntid?) med fleire allereie er i ferd med å pønske ut WebSocket-drivne applikasjonar. Det har allereie kome klientbibliotek for mykje brukte protokollar som  XMPP (instant messaging) og JMS (API for distribusjon av meldingar). JMS vil kunne redefinere omgrepet RSS-feed. Fantasien set grensene.

Nokre døme (merk: du må ha nettlesar som støttar WebSockets):

comments powered by Disqus