Om slekta ein ikkje kjenner

Dette fotografiet er det eg veit om oldeforeldergenerasjonen på farsida mi.

Oldeforeldra mine. Foto: Willy Marthinussen.

Oldeforeldra mine. Foto: Willy Marthinussen.

Det er syskenbarnet mitt, fotograf Willy Marthinussen, som er mannen bak det flotte biletet av det flotte biletet – og som illustrerer poenget i denne artikkelen: Slektsgransking er ikkje noko ein gjer på ein ettermiddag.

Av biletet ser eg at dei var to flotte, unge folk. Med det får eg ei genetisk forklaring på det eg sjølv ser i spegelen kvar morgon, men lite meir.

Bror min tok eit tak for ei tid sidan, sende rundt invitasjonar til Geni.com, slektsgransking på den kollektive og sosiale måten.  Der er eg no knytt til 148 personar, men det er å ta hardt i å hevde at treet veks særleg fort.

Og det er heller ikkje heilt knirkefritt å dra opp slekta med mus og tastatur. Ei stund kunne det sjå ut som oldeforeldra på Navarsete var syskenborn frå Vikheim. Lukkeleg nok viste det seg at oldefar var frå Luster, eller som bror min sa det:

OK! Det var bra! Då får me nausta opp slekta i Luster! Ikkje så mykje betre å ha anar i Luster forresten, men betre enn å vera i slekt med seg sjøl!! – bror min

På morsida i Sogndal og omegn har treet på Geni.com vakse på seg monaleg oppover, men på farsida stoggar treet på opp ved besteforeldra mine, to blad Pedersen. Informasjonen kjem nok etterkvart, når dei rette personane får sett seg bak datamaskina. Inntil vidare får eg nøye meg med eit vakkert bilete av eit vakkert bilete.

Fotografiet av oldeforeldra mine er publisert med løyve frå fotografen Willy Marthinussen. For fleire inspirerande kunstfoto, ta turen innom sida hans på http://willy.1x.com.

comments powered by Disqus