Bruce Springsteen til Sogndal?

Bruce Springsteen. Foto: Craig ONeal (Wikimedia Commons)

Bruce Springsteen. Foto: Craig ONeal (Wikimedia Commons)

Overskrifta er inspirert av eit oppslag i nettavisa Firda denne veka: «Aabrekk ny Molde-trenar?».

Dette vil gi vulkansk temperatur i gryta til Saftkokaradn, for der les dei berre overskrifter. Om ein les heile saka, finn ein ut at eit speleselskap gir svært liten odds for at det vil skje. Men det kan skje. Alt kan skje. Her har avisa Firda mange fine og utopiske overskrifter dei kan hente fram: «Førde det nye fylkeslaget i fotball?»

«Eg hadde faktisk ikkje trudd at det skulle bli så fint,» fortel ordførar Jarle Aarvoll begeistra til Sogn Avis om det nye toalettet i sentrumsparken i Sogndal. Turistane frå Japan kjem truleg til å heve lett på skuldra, for der er dei vande med både bidé og styrepanel. Éin million kroner har toalettet kosta, og det vil koste 10 kroner å lette på trykket. «Bygget er utstyrt med tidsur,» skriv Sogn Avis, men fortel ikkje kor lang tid ein har på seg før uret dreg inn snabben.

«Etterlyser ny bil etter innbrotsraid,» avslører og NRK Sogn og Fjordane og legg til for å klargjere: «Ønskjer tips om eldre Transit.»

Og til slutt ei trafikkmelding: Morgonflyet frå Oslo til Sogndal torsdag 2. desember vil mest truleg bli forseinka grunna tekniske problem. Dronning Sonja kjem til Kaupanger skule for å dele ut ein pris, og då blir det ofte slik. Det er heller ikkje utenkjeleg at skodda ligg tjukt over Haukåsen denne morgonen, og at det då blir buss frå Sandane, Førde eller Ålesund.

Det var Fylkesspit.

comments powered by Disqus