«Det største som har skjedd!»

«2160 menn omkom. Vi snakkar altså om det største slaget i norsk historie. Det er ei skam at Sogn ikkje har fått til kulturnæring av Slaget ved Fimreite,»  fortel lokalhistorikar Johs B. Thue til NRK Sogn og Fjordane.

Kanskje lokalpolitikarane bør ta ein skuletur til Irak for å sjå kva dei har fått til der nede etter slaget i Nasiriyah.

Fimreite til høgre på hi sida av fjorden. Foto: Per Olav Bøyum (Wikimedia Commons)

Fimreite til høgre på hi sida av fjorden. Foto: Per Olav Bøyum (Wikimedia Commons)

For øvrig er det vel soga som fortel at 2160 menn omkom. Ein skal ikkje tru alt ein les i Verdens Gang.

– Hei, Sverre - det er Snorre Sturlason frå Heimskringla som bankar på igjen her, du.

– Hei hei. Orsak dei blodraude kleda, eg har vore på tokt i Sogn.

– Ja, rykta på bygdi seier du feiga ut og tok skipet inn til Kaupang for ein kaffitår hjå Knagen, stemmer dette?

– Pføys! Hehe. Nei, det skulle tatt seg ut. Nei, Magnus Erlingsson sine menn var rett nok overlegne i tal, men med dumdrist og ein svært skarp kniv gjorde eg kål av Magnus og hans 1000, orsak - 2160 menn. Det var litt av eit syn!

– 2160 av Magnus sine menn. Ingen fall på di side? Ingen kvinner?

– Nei, mine menn har trening frå Arne Trehaldar sin skule for gøymsle- og andre berserk-teknikkar, så det var ikkje noko problem. Og av kvinnene var det vel berre Oslaug Ormstunge som brann seg litt då ho skulle koke grautomslag til mannen sin, han Arnulf.

– Kan eg sitere deg på dette, Sverre?

– Jaudå, det kan du. Dette er slik eg hugsar det. Men det er tre dagar sidan no, så nokre detaljar kan ha forsvunne i gløymsla.

«Dette må vere noko av det største som har skjedd innan lokalmusikken i fylket,» avslører prosjektleiar for årets Luttkonsert på NRK Sogn og Fjordane, Stian Sjursen Takle. Olav Stedje, Sigrid Moldestad, Eva Weel Skram og Håvard Lothe skal stå på same scene. Olav Stedje syng Superhero, medan Sigrid Moldestad tek Stao no pao til nye høgder – på fele. Eller, det seier fylkesradioen ingenting om, men det blir stort.

I Nordfjord set dei opp operaen «Norge Brasil, ein opera» med musikk av Helge Førde, tekst av Are Kalvø, som meiner sigeren over Brasil er noko av det største som har skjedd i nyare tid.

Tore André (195 cm), Jostein (193 cm) og Håvard Flo (187 cm) er VMs lengste fotballfamilie. Sansynligvis er de den mest omgjengelige også. Og derfor ble bolig 132 i Chateau Drillos – heretter bare kalt Villa Flo – innvadert av norske og utenlandske mediefolk i går ettermiddag. Dagbladet/Morten Pedersen 06.06.1998 side 26

«Eg sat aleine og såg kampen. Det er som Are seier, det er noko av det største som har skjedd i Norge dei seinare åra. Når han kom med denne kampen, så tenkte eg: Yess! Kjempeidé,» fortel Førde til NRK Sogn og Fjordane.

Og det var Fylkesspit.

comments powered by Disqus