Giggen hoppar etter Wirkola

Lærdølen, komponisten og saksofonisten Geir Øystein «Giggen» Lysne er vikarstyrar for radiostorbandet i Danmark, DR Big band, eit storband som tidlegare vart leia av Thad Jones – av dei aller største storbandlegendene.

Geir Øystein Lysne. Foto: Pressefoto frå lysne.no

Geir Øystein Lysne. Foto: Pressefoto frå lysne.no

Lysne delte andrealtsaksofon-stemma ilag med underteikna i Sogndal storband på midten av 80-talet, ei gulltid for storbandet. Eg var for læregut å rekne, Njål Ølnes frå Barsnes i Sogndal spelte lead.

Begge har spelt seg monaleg oppover etter det, for å seie det mildt.

Eg meiner å hugse at Lysne gjekk på tungtransportlinja på yrkesskulen på den tida, og eg trur både eg og Linjegods er glade for utfallet. Og til mi glede møter eg  stadig på gamle kjenningar frå Sogndal storband på norske konsertscener.

Eit tips til Stian Sjursen Takle i Lutt-redaksjonen i NRK Sogn og Fjordane, om de no skal bli trøytte av å intervjue Eva Weel Skram, Roger Allan Ivin og Tone Damli Aaberge: Ta tak i medlemslistene til Sogndal storband frå åttitalet. Start med Lysne.

comments powered by Disqus