Ein behå, ei rifle, ein maskinpistol …

Behå-saka var kioskveltaren i fylkesradioen denne veka. Ei kvinne måtte ta av seg behåen under ein tryggleikskontroll ved Bringeland Lufthamn i Førde.

Eg ser for meg endå meir spenstige episodar:

Behå i ein patentsøknad frå 1864.

Behå i ein patentsøknad frå 1864.

– Det var då voldsomt så det pip av deg. Kan eg få sjå legitimasjon? […] Heiter du verkeleg Susanna Bindladen?

– Ja, eg kjem frå garden Bindladen på Ytre Hafstad, noko gale med det, eller?

– Neidå, berre litt snodig. Du har mykje metall i handbagasjen din og metalldetektoren seier han ikkje likar kroppen din. Noko du vil fortelje meg?

– Handbagasjen? Nei, der er det berre nokre våpen. Ein Bowie-kniv, ein Podao, ein AGS-17 granatkastar, ei SIG-Sauer SSG 3000 rifle og tre Steyr TMP maskinpistolar. Ja, og eit titals handgranatar av merket M67.

– Ikkje noko av det der er nemnt i «Luftfartsverkets Sikkerhetsinstruks av 11. september 2001», så det er heilt OK. Skal me sjå: «Det er ikke lov at medbringe på innenriks- eller utenriksflyvninger følgende gjenstander: C4 plastisk sprengstoff, missiler av type Hs 293, AIM-9, AIM-54 Phoenix, Rafael Shafrir … samt BH (brystholder) med spiler av metall.» Er det metallspiler i behåen din?

– Ja, jau – eg trur no det.

– OK, då må du ta han av deg her ute i det fri medan eg og alle andre ser på. Og uroa deg ikkje, me er profesjonelle – dette er noko me gjer med dårleg skjult skadefryd fleire gonger om dagen.

– Hrmph. Her har du eitt stykk behå med metallspiler. Enjoy!

– Takkar. Då kan du gå ombord. […] Hei der du, hold on! Var det M57-granatar du sa? For dei er nemleg på lista over forbodne gjenstandar!

– Neidå, dette er M67, den meir moderne og effektive modellen. I Canada går han under namnet C13.

– Okei, orsak. Ha ein fredfull og fin tur, då!

«Ei småbarnsmor trudde ikkje sine eigne auge då sjåføren av den svære traileren, som kom imot, sat og las avis,» avslører Fjordenes Tidende. Sjåføren vart meld til politiet, og kvinna peiker på det mest alvorlege ved situasjonen: «Kvinna er ikkje i tvil om at han hadde VG mellom hendene.»

Rockekongen Elvis Presley sleit lenge med dårleg helse, mykje grunna eit overforbruk av medikament på resept. Denne veka kunne Sogn Avis gledeleg melde at  «Elvis er friskmeld.»

Og det var Fylkesspit!

comments powered by Disqus