Tommy, 10 år etter. Jaaaa!

Eg stilte spørsmålet to timar før kampen, og fekk rett: Tommy Øren sikra opprykket til eliteserien for Sogndal med ei perle av ei scoring mot Fredrikstad. Nett slik han gjorde mot Vålerenga i 2000, for ti år sidan!

Eg var på Ullevaal den kalde og våte oktoberkvelden, eg såg kampen som ganske sikkert for alltid vil framstå som tidenes fotballkamp.

Bep seier og får rett.

Bep seier og får rett.

I kveld sat eg på Bohemen i Oslo, fotballpuben til Klanen. Dei var ikkje særleg muntre over  å bli minna på Øren-målet som sende dei ned. Like elegant sende han oss opp i kveld.

Eg undra meg litt – der eg sat og såg Tommy Øren i fint gamalt driv – over kvifor tangingen har fått sagflis bak av benken denne sesongen? Harald Aabrekk: Lat Tommy få spele seg i form neste sesong!

comments powered by Disqus