Å finne eit ledig domene

Å finne eit ledig og godt domene på internett er ei utfordring. Dei mest opplagte har ofte nokon før deg teke, så då må ein kombinere ord.

Her er eit enkelt Bash-script som eg skreiv for å finne eit domene til bepsays.com:

#!/bin/bash

cat $1 |while read line; do
    for domaintocheck in "${2}${line}.${3}" "${line}${2}.${3}"
    do
        whoisres=`whois $domaintocheck`;
        if grep -q 'No match' <<<$whoisres; then
            echo "${domaintocheck}";
        fi
    done
done 
 

Ein må nok ha ein *nix-variant for å køyre dette skriptet (alternativt Cygwin for Windows). Eg er ingen Bash-ekspert, skriptet er skrive på 7 minutt, utan sjekk av innargument – pragmatisk fortalt: Det funkar.

Om du lagrer dette skriptet som «domainchecker.sh» og køyrer chmod +x domainchecker.sh, så er skriptet køyrbart.

Skriptet tek tre argument: Ei fil med ord, eit ord det skal kombinerast med og domenet ein ynskjer å sjekke mot (com, net, no …).

Så om ein lagar ei tekstfil med t.d.:

heia aabrekk saftkokaradn

Og køyrer dette skriptet:

./domainchecker.sh words.txt sogndal com

Vil ein (i skrivande stund) få resultatet:

sogndalheia.com heiasogndal.com sogndalaabrekk.com aabrekksogndal.com sogndalsaftkokaradn.com saftkokaradnsogndal.com

Som alle skal vere ledige domener, i følge Whois.

comments powered by Disqus