– Orsak at me sa det me sa!

Diktaren Jan Erik Vold er mannen bak mellom anna diktet Kulturuke. Foto: Jarle Vines (Wikimedia Commons)

Diktaren Jan Erik Vold er mannen bak mellom anna diktet Kulturuke. Foto: Jarle Vines (Wikimedia Commons)

Helse Førde la seg denne veka flate for at dei har gått ut og sagt eller skrive noko om det framtidige fødetilbodet i Nordfjordeid som ikkje har rot i røynda.

Informasjonssjef Arne Eithun beklaga, og forklarte i fylkesradioen i krystallklåre ordelag kva som hadde gått gale:

«Det blei gjort ein feil når det ferdige arbeidet blei oppsummert. Det har aldri vore meininga å tileigne dei noko dei ikkje har hatt mandat til eller som dei skulle gå inn og drøfte.»

Om det framleis er uklart, held Eithun fram:

«Det som er realitetane her, er at det er laga ein rapport frå styringsgruppa der det kjem til uttrykk at faggruppa har drøfta vidare drift av ei fødeavdeling i Nordfjord. Det er ein feil. Det er ein trykkfeil. Det skulle stått at det er styringsgruppa som har gjort det, for dette var ikkje mandatet til faggruppa. Det er dette enkelte i faggruppa har følt at har vore vanskeleg. Fordi det ikkje har vore mandatet deira. Det er heilt rett, og dette har vi snakka om i dag og beklaga overfor dei.»

Klart som blekk!

Dette medierådet skal du få heilt gratis, Eithun:

Dette skuldast ein trykkfeil, det står faggruppe der det skulle stått styringsgruppe. Helse Førde beklagar. Kort og presist

Nei, kven er gode på det? Foto: Skjermdump frå NRK Sogn og Fjordane 29.10.2010.

Nei, kven er gode på det? Foto: Skjermdump frå NRK Sogn og Fjordane 29.10.2010.

Staten tek lærdom av Vest Tank-ulukka og kjøper seg ei ordbok. «Me er gode på smittevern i Norge, men ikkje gode på slike ulukker med kjamikaliar,» seier Anders Smith, seniorrådgjevar i Helsedirektoratet, til NRK Sogn og Fjordane. Kjamikalieulukker, kjemikalulukker, kjamikaliar. Det er som henta ut av eit Jan Erik Vold-dikt. Vekas Ordbok går til NRK Sogn og Fjordane ved journalistane Malene Vilnes og Ole Ramshus Sælthun.

«Ein saueeigar i Stryn kommune sakna for tre veker sidan tre sauer. Seinare fann han dei merka om i fjøsen til ein annan saueeigar,»  avslører NRK Sogn og Fjordane. Det var musikarane i Enslaved som starta dette då dei stal ein sau frå Lars Sponheim, og det gjekk ikkje meir enn to veker før piratverksemda spreidde seg til Sogn og Fjordane.

Årdalstangen får fylkets første 3D-kino, melder Sogn Avis. Flott at årdølene endeleg får oppleve kjensla av rom i ein elles flat og trist kvardag!

«Heile helga har ei tam gås vagga rundt Autoforum på Evja,» avslører Firdaposten.

Det var Fylkesspit!

comments powered by Disqus