Tre av ti ordførarar seier ja til tvang

Lærhalsband. Foto: Grendelkhan (Wikimedia Commons)

Lærhalsband. Foto: Grendelkhan (Wikimedia Commons)

«Heile sju av ti ordførarar seier nei til tvang,» melder redaktøren i Sogn Avis. No har eg ikkje lese heile leiaren, så eg skal ikkje seie for sikkert kva for tvang det er snakk om. Illustrasjonen til høgre kan vere skivebom.

– Eg kan med handa på hjartet seie at sidan juli har eg hatt minst éin telefon med førespurnader rundt Northug, seier ein sliten skitrenar Morten Aa Djupvik til NRK Sogn og Fjordane. Minst éin telefon! Å vere trenar for skilandslaget er som å vere informasjonssjef for Helse Førde.

Bøndene vil selje alkohol. «Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget seier nei. Tor Bremer (Ap) vil likevel seie ja,» skriv fylkesradioen. Eg høyrer bøndene juble for Bremer, tunga på vektskåla i denne saka.

«Ei kjelde som Fjordenes Tidende har snakka med fortel at eit utanlandsk vogntog kom til Oldeide på søndag,» avslører Fjordenes Tidende.

«Det er truleg berre den italiensk-amerikanske rockegitaristen Steve Vai som har fleire gitarar enn sogndølen Inge Ronny Kvåle,» avslører Desembernatt.no.

«Klart for kattejakt i Loen,» melder avisa Fjordingen.

«Saknar du avisa?» spør avisa Ytre Sogn. Eg saknar ho litt, kanskje, men det er ikkje noko djupt sakn.

«Aurlandsdalen er Norge sitt svar på Grand Canyon. Du vert så mikroskopisk liten, og naturen så kolossalt stor,» skriv Ole Johannes Øvretveit i bloggen sin, illustrert av eit bilete av ein kjempe ruvande i landskapet.

Og det var Fylkesspit.

comments powered by Disqus