– Tommy har ei framtid på benken

Tittelen er mi tolking av det Harald Aabrekk sa i ein kommentar til Sogn Avis om at Tommy Øren gir seg som fotballspelar i Sogndal.

Det ordrette sitatet er: «Min personlege meining er at det er for tidleg, då eg meiner at Tommy har fleire gode år igjen på fotballbana.»

Harald Aabrekk (2006). Foto: Kjetil Ree (Wikimedia Commons)

Harald Aabrekk (2006). Foto: Kjetil Ree (Wikimedia Commons)

Eg tykkjer det er svært, svært trist at Tommy har kome til denne konklusjonen, og minnest med gledestårer og kalde gysingar langt nedetter ryggen peike-og-skåre-målet mot Tromsdalen, opprykksmålet mot Vålerenga og no sist mot Fredrikstad. Lukke til vidare, Tommy!

Vekas kaktus går til Harald Aabrekk!

«Eg fokuserte på korleis eg skulle balansera klisjeane oppimot integriteten min som tekstskrivar,» seier Odd Erik Lothe til Sogn Avis om låta Stjerneklar. Det melder mannen bak dei klisjelause låtane  Jordbær og grasbrann, Helsetrøye og Halv maskin, låtar som slett ikkje er laga for å kome høgt opp på søkeresultatet når NRK jaktar apropos-musikk.

«Opnar bank for velståande,» skriv avisa Firda om banken Warren som opnar dørar i Førde. Warren burde ha gjort eit betre førearbeid, eller due dilligence som det heiter på fint. Folk frå Førde slepp ikkje pengane av syne, dei er berre hakket etter systrendingane på gnitalus-skalaen. Madrassar er den mest utbreidde spareforma i Sunnfjord.

«Coop Vest planlegg å setja opp eit forretningsbygg på over to mål på Stova-tomta i sentrum i Øvre Årdal. Prislappen vert truleg 100 millionar kroner,» skriv Sogn Avis. Eit uttrykk som å kaste pengar ut stoveglaset, er det første eg tenkjer på. Perler for svin er det andre.

«Krev klarare sjukehussvar,» skriv Fjordenes Tidende. Jaja, det er snart jul, så det er lov å tru på julenissen.

Det var Fylkesspit.

Fotnote: Det kan sjå ut som om Helse Førde har lege lågt i terrenget denne veka. Ingen oppslag å merke seg. Eit søk i arkivet til Retriever for dei siste sju dagane gir berre eitt kritisk hogg: Ein busspassasjer fortel i eit lesarinnlegg i Sogn Avis at sjukehusbussen ho sat på var full av skuleungdom. Men altså ikkje nok til å få informasjonssjefen i Førde ut av godstolen.

comments powered by Disqus