Prisliste for dårleg skjult tekstreklame på bepsays.com

Caroline Berg er gift med ein fotballspelar og ho skriv på bloggen sin fotballfrue.no.  Ho har fått hard medfart i den kritiske nettpresa etter at det kom for ein dag  at ho krev pengar for å skrive bokmeldingar og liknande.

Prisliste for omtale på fotballfrue.no.

Prisliste for omtale på fotballfrue.no.

Ikkje reint lite pengar, heller, syner prislista (sjå skjermdump). Caroline Berg er openbart ei durkdreven forretningskvinne, kritikken botnar i rein misunning. Greier ho å få nesten fem tusen kroner for å lime inn eit bilde og nemne eit produkt i eit blogginnlegg, bør ho vere ein soleklar kandidat til «Dagens Næringslivs Gründerpris for et forretningskonsept hinsides enhver fornuft»

Hårmajones? Foto: Ukjent opphav.

Hårmajones? Foto: Ukjent opphav.

Det er nesten slik at eg er freista til å punge ut nokre tusenlappar for å teste ut Berg sine kreative evner; greier ho å omtale eit produkt som t.d. Hårmajones i positive vendingar?

Rykta skal ha det til at sambuaren til Tommy Øren har fanga opp denne og registrert domenet _egvareingongeifotballfrue.no _(dette er sjølvsagt berre noko eg har funne på, Tommy kan vere singel for det eg veit).

No har eg nokre færre lesarar enn fru Berg, men her er mi foreløpige prisliste for dårleg skjult tekstreklame:

  • Fredningstid mot ironisk satire, lokalavis/radio: 1000 kr. / mnd, inkl. mva.

  • Fredningstid  mot ironisk satire, offentlege helseføretak: 2300 kr. / mnd, inkl. mva.

  • Positiv omtale av syltetøy/jus frå produsent i Sogndal: Nei, dei produkta er so gode, at den skal de få gratis!

PS! Heiter du Caroline Berg og les denne artikkelen; send meg 2300 kroner via PayPal, og eg vil aktivisere lenka til fotballfrue.no.

comments powered by Disqus