Drøymer om ein jobb i det kvite huset

Helse Førde er så langt ikkje nemnt med eitt ord i dokumenta som Wikileaks har lagt ut. Ei svært upåliteleg kjelde fortel at informasjonssjefen skal vere både skuffa og vonbroten over dette, men han augnar eit visst håp.

Av dei  251 287 ambassadebreva er i skrivande stund berre 607 publiserte. 763 dokument skal vere sende frå den USA-amerikanske ambassaden i Oslo, og det kan tenkjast at Helse Førde er nemnt i eitt av desse. I ventetida dagdrøymer informasjonssjefen seg til ein jobb som pressesjef i det kvite huset i Washington.

Det kvite huset i Washington.

Det kvite huset i Washington.

«Tal frå Statistisk Sentralbyrå viser at det per 1. oktober var 11.586 personar i Flora, ein auke på sju sidan 1. juli,» avslører Firdaposten. «Ber folk i Florø vinke til helikopter,» fortel NRK Sogn og Fjordane i ei gledesmelding til dei sju nye florøværingane: «Jippi, me får vinke til helikopter!!!» Eg har ikkje sett etter, men det skal ikkje forundre meg om fylkesradioen har fylgt opp denne med ei sak av typen «Vinka til helikoptret!»

Førde har det siste ølpolet i landet. «Det er litt rart, da. Samtidig så er det er litt spesielt, egentlig. Så det blir på ein måte kult. Egentlig,» seier butikkmedarbeidar Tore Heggheim til NRK fjernsyn.

«30 dagar for å stela pils,» melder Sogn Avis. Orsak, retting … Dette melde Sogn Avis for 25 år sidan, men tek det opp att no for å setje ting i perspektiv: Overskriftene av i dag er ikkje slik dei ein gong var. Jamvel spørsmåla frå journalistane var mykje betre, les ein i lokalavisa:

Lensmann Arne Kvalen i Luster, vi høyrer det gjekk hardt føre seg på ein romjulsdans i Markstein. Knivbruk og greier,  ja, til og med skalperingsforsøk blir det snakka om.Journalist stilte spørsmål i Sogn Avis for 25 år sidan

«Her i Sogn er det berre eitt, einaste spørsmål som framleis opptek folk og det er vegløysinga til den nye trafostasjonen på Skardsbøfjellet i Sogndal,» meiner redaktør Jan Inge Fardal i Sogn Avis, som openbart ikkje er lesar av forumet til Saftkokaradn.

«Oddekalv krev merking av all oppdrettsfisk,» avslører fylkesradioen. «I dag sym det 369 millionar laks rundt i norske mærder,» skriv dei vidare. Ja, ei merking av alle desse høyrest ut som eit høveleg dugnadsprosjekt for idrettslaga.

«Kulda kan skape problem,» åtvarar Fjordenes Tidende. Kald juleøl?

Og til slutt utanriks: Mahtabi, ein forhandlar av orientalske tepper i Tollbugata i Oslo, har no stengt dørane, etter ti år med opphøyrssal.

Det var Fylkesspit.

comments powered by Disqus