Trekkspelaren på Riddervolds plass

I Riddervoldsgate i Oslo står to klesbutikkar:  H. M. Ramstad og Bruuns Bazaar Copenhagen. Eg står ofte med ryggen til dei, ventande på ein trikk. Det hender eg snur meg, litt kaldgufsen, og ser inn på kleda gjennom vindaugene.

«Eg er ute i kundemøte, men du kan ringe meg på …» kan eg lese på handskriven nynorsk frå Ramstad, og då er han sikkert i slekt med han trekkspelaren på Kaupanger. Han sel herrekonfeksjon til nordmenn som drøymer om eit liv i den britiske overklassen. Brune sko av semska skinn, og dressar med snitt frå svunne tider.

Dei to klesbutikkane i Riddervoldsgate i Oslo.

Dei to klesbutikkane i Riddervoldsgate i Oslo.

Nabobutikken sel meir moderne klede, svært elegante, danske plagg eg ikkje ville felt tårer av å pakke ut i slutten av denne månaden. Men ikkje ein prislapp å sjå gjennom vindaugene. Sikkert fordi slike lappar vil skremme folk frå å gå inn. Kleda ser dyre ut. Eg har aldri vore der inne, mest fordi når eg står der og frys og ventar på trikken, er klokka ofte anten tidleg eller seint og utafor stengjetid.

Det står altså to klesbutikkar i Riddervoldsgate. Begge er sikkert dyre. Mannen bak disken i den minste speler sikkert trekkspel. Ein dag skal eg gå inn og spørje.

comments powered by Disqus