Staffan kan framleis spele gitar

Eg snubla innom Herr Nilsen i ettermiddag, der Staffan William-Olsson og Einar «pastoren» Iversen heldt konsert.

Sist eg høyrde Olsson live var med The Real Thing på 90-talet (eg har i mellomtida opplevd han som ein fantastisk pedagog), og vel har han vorte litt rundare i kroppsfasongen, men den mannen leverer framleis gitarspel i verdsklasse.

Andreas Amundsen (bass) og Staffan William-Olsson (gitar).

Andreas Amundsen (bass) og Staffan William-Olsson (gitar).

Og med Iversen på piano og eit solid komp, og repertoar frå den amerikanske songboka, vart det ei flott musikkoppleving.

Eg sneik meg til eit opptak av ein av låtane:

comments powered by Disqus