Ja, dei er verkeleg så gode!

Nettet treng kanskje ikkje endå eit innlegg som påstår at Bose QC 15 er den største oppfinninga sidan skjerpa brød.

BOSE QuietComfort 15 kjem i ei reisepakning med batteri, ledning og flyadapter.

BOSE QuietComfort 15 kjem i ei reisepakning med batteri, ledning og flyadapter.

Eit nettsøk fortel meg at dette har folk hevda før meg, men ikkje på nynorsk, så det får bli det nye. Dette er altså eit sett med det eg kallar støydrepande hovudtelefonar – og dei er, ikkje heilt ufortent, førstevalet for mange.

Behovet melde seg først for nokre veker sidan: Anleggsmaskinene hamra på utanfor kontorvindauget (dei har diverre gitt seg no). BOSE peikar seg ut som marknadsleiaren, i godt selskap av Sony og Sennheiser. Det finst rett nok rimelegare variantar, for Bose QC 15 er stivt prisa til 3000 kroner. «Tru meg, for dette har eg greie på: Når det gjeld støykansellerande hovudtelefonar, er det ein klar samanheng mellom pris og kvalitet,» sa ein betrevitande kamerat av meg. Eg ser at norske nettbutikkar har omsett den engelske nemninga til «støykansellerende hodetelefoner».  Dette høyrest ut som eit ord som språkrådet vil få i vrangstrupen, så eg vel å kalle dei for støydrepande.

No er det ikkje slik at dei drep all lyd i rommet rundt deg. Utan musikk til høyrer eg godt kolleger prate i bakgrunnen, om enn monaleg dempa, men all vifte- og motorstøy er fjerna. Det er ei kjensle det tek litt tid å venne seg til, det blir som å sitte på ein benk ved den folketomme Fjærlandsfjorden nattestid, nesten litt magisk. Og det gjer at ein kan halde volumnivået på musikken nede.

No er det kanskje først på kollektivreiser dette apparatet kjem til sin fulle rett, og det var då eg ved eit lukketreff hamna på business-klasse på eit langtransport-fly at eg prøvde slike første gong, og fann ut kor mykje støy som eigentleg strøymer inn i kabinen. Ordet «stille» får ei ny meining.

BOSE leverer eit godt produkt. Lyddrapet fungerer, og lyden av musikk er innanfor det eg definerer som svært bra. Det éinaste negative må vere at dei produserer ein svak eigenlyd, nesten umerkeleg – og heilt umerkeleg når ein har annan lyd spelande, og truleg er dette meir ein ibuande eigenskap i teknologien.

comments powered by Disqus