Ut og velta kioskar

I dei dagane lét distriktsredaktør Rolf Sanne-Gundersen (45) lysa ut at det skulle lagast grundig og god journalistikk over heile fylket. Dette var den gongen dei skulle sette søkjelyset på saker som var viktige for folk, og det hende medan Jarle Aarvoll var ordførar i Sogndal. Då fór alle heim, kvar til si bygd, og skulle høyra på radioen.

Julegåvekatalog frå 1904.

Julegåvekatalog frå 1904.

«Eg vil at vi skal få meir tid og plass til å lage meir grundig og god journalistikk som set søkjelyset på saker som er viktige for folk,» sa påtroppande distriktsredaktør Sanne-Gundersen til fylkesradioen – før han heiv seg rundt og fekk sving på redaksjonen:

«Slik pakkar du inn julegåvene,» «lokale bøker sel best til jul», «jakta på det perfekte juletreet», «julestria på helsa laus» og «lag deilige julekaker og konfekt». Dette er gode døme på gravande og grundige toppsaker frå NRK Sogn og Fjordane den siste veka. 15. januar er fristen for å melda inn kandidatar til SKUP-prisen.

Her følgjer eit omtrentleg og fantasifullt referat frå det aller første møtet mellom den no fullborne distriktsredaktøren og disiplane hans:

– Det er ikkje unaturleg at nyhendebildet blir prega av jula denne veka, men eg vil ha grundig og god journalistikk som set søkjelyset på saker som er viktige for folk. Køyr diskusjon!

– Å pakka inn presangar med julekonfekt og lokale bøker, samstundes som ein skal finne det perfekte juletreet, er ei utfordring mange møter no i julestria. Det er nesten så det går på helsa laus …

– Glimrande, der har vi fem grundige og gode saker som set søkjelyset på saker som er viktige for folk. Køyr på! Og om det skulle koma inn ei politimelding om ein full mann som har stukke av med ei full handlevogn, ja … Finn på ein annan tittel. Vi har gitt nok brensel til vevloggen til bep. Ut på gata med mikrofonane, no! Ut og velta kioskar!

«Ingen fjellsportfestival i 2011,» melder Sogn Avis. Jaja, no får festivalsjef Yttri endeleg litt tid til sjølvpleie:

Visste du at Tor Yttri ikkje fekk lov å klyppa tåneglene sine i garderoben før kamp, i frykt for at det gjekk liv. Fjøraposten 2007

«Full mann stakk av med full handlevogn,» avslører avisa Firda. Den måtte koma.

«Eg surfa nok ein del på gode genar,» avslører Børge Vatlestad i studentavisa Røynda.

«Måndag var prisen på 95 oktan på Unox Stårheim 12.38 kroner. På Best-stasjonen i Deknepollen var prisen 13.99 kroner,» melder NRK Sogn og Fjordane. «Bensinen opp fem øre,» skreiv Sogn Avis – for 50 år sidan.

«Både politiet og utelivsbransjen i Sogn og Fjordane har aldri opplevd at folk som er ute på byen oppfører seg så fint som no,» melder NRK Sogn og Fjordane i ei grundig og god sak, og det er meint bokstavleg (om ein no ser vekk frå litt språkleg smør på flesk). Dei har prata med representantar for utelivsbransjen og politiet. Men ikkje lensmannen i Luster, som i alle fall på 80- og 90-talet var kjerneområdet for blodige basketak i Indre Sogn (derav uttrykket «det er berre to hafslobygdingar som har braka saman igjen»). Det får meg til å tenkja på ei dansetilstelning på Hafslotun ei påskeaftan på midten av 90-talet. Det heile hadde gått stilt for seg, og bandet (med underteikna; dette var før eg hadde spelt meg opp og fram) og styraren av utestaden slappa av på kjøkenet med litt pizza. Styraren var svært nøgd med sambygdingane sine denne kvelden: «På måndag skal eg setja inn ei annonse i Sogn Avis og takka dei for …» byrja han, men vart avbroten av eit masseslagsmål i emning nede i kjellaren.

Og det var Fylkesspit. Med ynskje om ei fredeleg og god jul! Også på Hafslo.

Ja, og ein ting til: Eg har ein nevø som får uhorveleg mange tøffe presangar; er det uetisk å forsyna seg av bunken med dataspela hans medan han ser ein annan veg – med eit julehåp om at han ikkje oppdagar det?

comments powered by Disqus