Om å vera i slekt med Olav Stedje

Eg helsa på ein kar frå Austlandet på pubben i Sogndal i julehelgi, han er visst gift eller sambuar med ei jente frå Sogndal. «Ho er i slekt med Olav Stedje,» sa han. Olav Stedje var trubadur denne kvelden, slik han er kvar jul. «Det er eg òg,» sa eg. «Så då er dama di og eg i slekt. Tremenningar, trur eg.»

Eg helsa på Olav i pausen. Han skulle til Oslo att dagen etter. Ein trubadur på farten.

Denne treng berre ein enkel, liten melodi. Olav Stedje (4) leikar med ei ause.
Slektsvåpenet til Stedje-slekti.

Slektsvåpenet til Stedje-slekti.

Ein kristen lærarson frå Sogndal fortalde meg ei historie om Olav Stedje, som far hans – Asbjørn Almås – hadde fortalt han. Faren var lærar på Sogndal Gymnas på slutten av 60-talet. Olav Stedje var elev der, men hadde ikkje trakka ned dørene til frisør Magnar Flåten.[ref]Eg er ikkje sikker på om Magnar Flåten hadde frisørsalong på 60-talet, men eg tek meg den same historiske fridomen som han sjølv gjorde då han klypte meg: «Du har same håret som bestefar din på Navarsete,» pleidde han å seia, endå eg aldri har hatt ein bestefar i den grendi (oldefar, ja – men det var vel før Flåten si saksetid).[/ref]

Kva er det de har på lepane? Ein nyfiken Olav Stedje er gjest i konfirmasjon på Levanger på 70-talet.

På eit lærarmøte sa rektoren: «Me må visa ut denne langhåra rockaren!» Asbjørn Almås var sterkt imot dette, og fekk det siste ordet. I 1982 møttest dei to på ein fjelltur, det var det året Stedje fekk Spelemannprisen for _Tredje Stedje. _«Ser du no at det kan bli bra folk av langhåra musikarar?» sa Almås til gamlerektoren.

Ta meg no med, dao! Olav Stedje haikar langs E18 (E-akjan, red. anm.), men må trøysta seg med to nye låtar.
comments powered by Disqus