Meteorologar er billegare i drift

Wikipedanten Frokor frå Fitjar har oppretta 18 965 (åtvaring: denne lista er LANG!)  artiklar på Nynorsk Wikipedia, som artiklane om alle fjordane i Noreg og dei fleste innsjøane i Europa – totalt 69 734 redigeringar.

Meteorologen i Aserbajdsjan er av dei mange som bruker fritida si på ein dugnad for å gjere folk klokare.

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn. Foto: Stig Vågnes (Wikimedia Commons)

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn. Foto: Stig Vågnes (Wikimedia Commons)

Nynorsk Wikipedia har i skrivande stund 62 595 artiklar, versjonen på bokmål og riksmål heile 286 206.

Allkunne.no har fått 6 millionar kroner i statsstøtte[ref]1,5 millionar kroner i året over fire år, ref. årsmeldinga til stiftinga Det norske Samlaget.[/ref] til sine 1 500 artiklar, og no vil dei ha meir: Dei saksøkjer Wikipedia for plagiat.

– Vi kan dokumentere at Wikipedia har publisert rein avskrift frå Allkunne. Dette er brot på norsk lov og må få fylgjer, seier ansvarleg redaktør og dagleg leiar i Allkunne, Audhild Gregoriusdotter Rotevatn i ei pressemelding.

comments powered by Disqus