Oppdikta postmann kan stå bak tyleskapet

Postmann Ove Ullkvam er lei av det rutineprega livet som postmann, og no turnerer han og kompisen Ragnar fylket rundt med teaterstykket _Tyl_.

Fylkesradioen melder samstundes om postkasseterror fleire stader i fylket – og i Aurland drakk dei «vin, spelte på kyrkjeorgel, ringde med klokkene og tende lys. Så stakk dei av med prestekjolen.»

Sherlock Holmes.

Sherlock Holmes.

– Eg sa det til lensmannsbetjenten min, han Ndure Tokvam, at «dette er elementært, kjære Tokvam: Dette er dei to tylane frå Flåm, han Ove og Ragnar. Dette er typisk Ragnar. Dei blir som våryre kvalpar berre dei tek turen til nabobygdi.» Og då naboar til kyrkja fortalde at dei hadde høyrt temaet til Charlie Parker-låta Ornithology frå kyrkjeorgelet – ja, då er eg ikkje i tvil. Me vil henta dei inn i arresten etter teaterframsyninga i kveld. No er eg klar over at dei som speler i stykket er skodespelarar og ikkje dei ekte, litterære figurane, men nokon må stå til ansvar, seier den taletrengde lensmannen i Aurland, Sandy Feng Sel, til bepsays.com.

«Forbikøyringa kosta flesk,» avslører avisa Firda. Truleg ei heil ribbeside.

«Tor Yttri frå Fjellsportfestivalen vil guida statsråd Anniken Huitfeldt ned Sogndalsdalen når ho vitjar Sogndal tysdag,» skriv Sogn Avis.

«Statsråd gjekk seg vill i Sogndalsdalen.» -- Ei sannsynleg overskrift i Sogn Avis onsdag

«Lagde fyllakvalm på treningssenter,» fortel avisa Firda.

Eg tenkte eg skulle avslutta med å raljera litt med Helse Førde. Distriktsredaktøren i NRK Sogn og Fjordane, Rolf Sanne-Gundersen har lagt ut ein lang kommentar med tittelen «Raljering» med engasjement. Vent litt, eg må lesa han først … Nei, gløym det, denne kommentaren har ikkje eg skulane til å forstå.

Og det var Fylkesspit.

Eit lite alvorsord til slutt: Eg har lese romanen Tyl to gonger, og det skjer svært sjeldan i mi bokhylle. Han var like god og underhaldande i andre runde, rett nok to år seinare. Og til 129 kroner er han eit røvarkjøp.

comments powered by Disqus