Menn sel ikkje kvinnekonfeksjon

– Det er ingen menn tilsett hjå oss. Me kunne nok ha tilsett ein gay ein (ein homofil mann, red. anm.), fortalde ei svensk jente meg her om dagen.

Ho jobbar i ein butikk i Oslo som sel klede til jenter. Butikken ho jobbar i er ein del av ei stor svensk kjede, men dette trur eg er universelt: Kvinner kjøper ikkje klede av menn. Eg kjøper gjerne klede av kvinner, dei har betre smak.

Moteshow i Texas. Foto: Steve Hopson (Lisens: CC BY 2.5)

Moteshow i Texas. Foto: Steve Hopson (Lisens: CC BY 2.5)

Dette er ikkje eit innlegg i ein likestillingsdebatt, men eg tykkjer det er litt pussig. Kvinner kjøper klede som skydd mot vêr og vind og for å ta seg bra ut – for mannen, som ein del av den naturlege reproduksjonsprosessen.

Og då er det vel ikkje unaturleg å spørje ein mann om råd, for er du først gift, er det for seint:

– Kva tykkjer du om denne genseren, kjære husbond? – Fantastisk! Og så utruleg slankande med dei stripene!

Homofile mannlege seljarar av klede til kvinner er derimot heilt OK.

– Eg er på jakt etter ein kjole til julebordet på fredag, kan du hjelpe meg, kjære homofile seljarmann?

– Kva med denne, då. Den liknar på kjolen Hanne Krogh brukte med Bobbysocks! i 1985 …

comments powered by Disqus