Sogndal blir Sognavággi

I alle fall blir Sognavággi sidestilt med Sogndal på vegskilta ved kommunegrensene. – Det har flytta inn eit samisk ektepar i den gamle disponentbustaden i Øyane, og då er det berre rett og rimeleg at dei to språka blir jamstilte, seier ordførar Jarle Aarvoll til bepsays.

Aarvoll seier han reknar med at denne saka blir banka gjennom på kommunestyremøtet torsdag, og han avfeiar kritikken frå asylsøkjarane frå Eritrea, som meiner dette også må føre til skilting på Tigrigna.

Skilt på finsk og nordsamisk. Foto: Htm (Wikimedia Commons / CC By SA)

Skilt på finsk og nordsamisk. Foto: Htm (Wikimedia Commons / CC By SA)

– Sogndal har eit nært forhold til Sameland, mange derifrå har busett seg i bygda … Eller,  her kryr jo med finnmarkingar, og det er vel mykje det same; det er jo berre å ta han oppmannen på Sogndal på 70- og 80-talet. Det var vel ingen som skjønte kva han gaula frå benken i cupfinalen.

Reaksjonane var blanda i Bodø då skiltet med den samiske teksten «Bådåddjo» kom opp. I Sogndal har heller ikkje reaksjonane lete vente på seg. Steingrim, som speler trommer i metallbandet Vreid, seier namet Sognavággi er noko dei vurderer å bruke på ei framtidig utgjeving.

– Mange av tekstane våre er på sognamaol, og om be blandar inn nokre samiske uttrykk, så gjer ikkje det noko til eller frå, berre det er tøft. Folk forstår uansett ikkje eit kløyva ord, seier han.

Vreid er i desse dagar ute med plata «V», som dei har hausta glimrande kritikkar for.

comments powered by Disqus